Stad: Synken i Vaksdal
Når: måndag 27.mars kl 18:00
Velkomen til forfattartreff i Synken med forfattar Anders Totland.
Totland har med seg sin nokså ferske, svært sjarmerande rølpethrillar Til jord skal du bli (2022). Her blir me kjend med den pensjonerte presten Jacob Juul som blir enkemann, bestefar og mordar på ein gong. Me blir kjend med mange underfundege karakterar i denne boka og blir lett rivne med i dramatikken og i sårbarheita som finst i menneskelege relasjonar. Det blir samtale med forfattaren og biblioteksjefen, høgtlesing og sal og signering av bøker. Ein kveld du ikkje vil gå glipp av!»