Boktips til sommarferien frå bibliotekaren!
Her er tre bøker eg har lese i sommar. Tre ulike bøker – men for meg gav dei alle på si måte ei ro og innleving som gav meg eit pusterom frå kvardagen. God sommar!
Me byrjar me boka
«Ro – Om Sognefjorden og ein lang retur heim». Her er forteljaren på rotur langs heile Sognefjorden i ein ekte gammal oselvar. Betraktningar om livet går hand i hand med forteljingar frå roturen.
Eg høyrde boka som lydbok i Bookbites (Bibliotekenes gratis lydbokteneste).
Boka
«Kniven i ilden» har hausta lovord! Me blir med tilbake til 1800-talets Finnland og Nord-Noreg og får eit unikt innblikk i livet til nokre kvenar i hardfør natur på leit etter ein plass å bu. Var du kvene og kvinne var ikkje kvardagen akkurat ein dans på roser.
Tilgjengeleg på Dale