
Endeleg har me fått meirope bibliotek på Dale!
Meirope heile veka frå 08:00-21:30. Viktig at alle forlét lokalet seinast 21:30, før alarmen går.
Aldersgrense 18 år.
For å få tilgang må du:
- Møte opp på biblioteket
- Få tilgang av bibliotekar
- Bytte til nasjonalt lånekort
Reglar for meirope bibliotek på Dale
- Meirope på Hovudbiblioteket på Dale er måndag-sundag kl. 08:00-21:30
- Lånarar må skrive under på meirope-kontrakt og få tilgang av bibliotekar
- Tilgangen til meirope er personleg og kan ikkje delast med andre. Du kan ikkje sleppe inn andre i meiropen tid. Men du kan ta med eigne eller andre sine barn på biblioteket (i følgje med minst ein vaksen).
- Rydd etter deg og vis omsyn til andre, også på arrangement i biblioteket.
- Lokala må forlatast ved brannalarm, stenging eller andre varsel.
- Biblioteket kan fjerne din tilgang til meirope ved brudd på reglane.
- Du skal følgje lånereglane til biblioteket. 4 veker per lån.
- Biblioteket er kameraovervåka for deg og andre si tryggleik.